kameleon quilt logo

Presentasjon


me
Eg har jobba med tekstilar meir og mindre sidan barneåra, og har laga dekorative tekstilar dei siste 15 åra.

Eg tok eit halvt års utdanning i tekstilforming på Lærarskulen i 1977, men utover det har eg ikkje formell utdanning innanfor dette området.
Men interessa har vore der, og ved sida av å praktisere og eksperimentere har eg nok lese nokre tusen sider på eiga hand om emner som er relatert til tekstilforming generelt, design og fargeteori.

Eg likar helst å planlegge prosjekta mine nokså detaljert før dei blir skapte i tekstil og/eller andre tilhøyrande materiale. Etter kvart som eg har lært meg å beherske nokre tegne- og bildeprogram på datamaskina, brukar eg desse meir og meir i planleggingsprosessen. Spesielt for bestillingsarbeid der det også krevst ein bra presentasjon av planane har eg funne at datamaskina er eit godt hjelpemiddel.

I det siste har eg eksperimentert ein del med å printe bilder direkte på stoff for å bruke i arbeida mine. Dette er eit spennande område der utviklinga går veldig fort for tida, så det er interessant å følgje med og prøve ut nye muligheiter her.

Eg bor i Bremanger, ei øy mellom Bergen og Stadt på vestkysten av Noreg, er gift med ein fiskar og har to vaksne døtre.
Eg ser at mijløet eg bur i nok har ein viss påverknad på arbeida mine når det gjeld motiv og fargevalg etc, men i desse tider med lett tilgang til infomasjon og inntrykk frå heile verda ser eg og at internasjonale trendar har ei viss påvirkningskraft. Slik er det berre anten ein likar det eller ei.

Det blir laga mykje både vakkert og mindre vakkert rundt omkring, og det er lett å bli inspirert til å ville prøve ut nye teknikkar, materiale og arbeidsmetodar. Her prøvar eg å jobbe etter prinsippet: Prøv alt og hald fast på det gode!
Så var det dette med tida då.....




Maria Michaels Designs Newsletter juli/august 04
Online nyheitsbrev på engelsk. I juli/august-utgåva har Maria Hrabovsky gjort eit intervju der det blir fortalt meir om korleis nokre av Kameleonquiltane vart til, og også litt om bakgrunnen min.
Intervjuet er på engelsk.





Lister over utstillingar, publikasjonar etc







Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

 

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2003-2005 Eldrid Røyset Førde